mandag 22. august 2011

Takk for besøket!


Systrene Nilsen har hatt sin siste opningsdag sumaren 2011. Det har vore ein formidabel sumar for vår del. Veret har ikkje vore med oss, men folket har tatt godt i mot oss uansett. Kvar einaste skaldyrafta har vore smekkfull, og  kvar laurdag har det vore "hæla i taket", helg etter helg.

Vi er svært takksame for mottakinga vi har fått frå alle rundt oss. Vi er no klare for ei evaluering av sumaren og vil gjera det vi kan for å forbetra oss til neste opning!

Takk for besøket og velkomen tilbake!

Med venleg helsing tilsette ved Systrene Nilsen

mandag 25. juli 2011

Xtina's Funky Blues Delivery måtte avlyse pga. akutt sykdom


Det er trist å måtte sei det, men Christinas Funkey Blues Delivery måtte desverre avlysa i dag pga. akutt sykdom. Vi har prøvd å få tak i erstatning, men pga. så kort frist har vi ikkje fått noko på plass. Systrene Nilsen held allikevel ope og vi ska gjer vårt ytterste for at denne sommarkvelden allikevel blir ein kjekk kveld. Det vert då også selvfølgelig ingen cover i døra.

Siste Glamataften fredag

Skaldyraften torsdag!

Quiz på onsdag!