Viser innlegg med etiketten Dekking. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Dekking. Vis alle innlegg

onsdag 18. januar 2012

Har du noko du skal feire?

Kjære foreldre, konfirmant, brudepar, dåpsbarn eller jubilant!

Har du lyst til å feire deg sjølv eller nokon andre hjå Systrene Nilsen på kaien i Uskedalen?

Vi har flotte lokaler kun eit steinkast frå kyrkja.

Her kan du leiga våre lokaler til ein grei sum. Vi kan tilby deg ein komplett pakke med pynting, dekking, koldtbord, kaker og utvask, eller du kan få nøkkelen til huset og ordna ALT sjølv. Vi skreddarsyr ei god løysing for deg! 

Frå og med 1.September har vi ikkje skjenkjeløyve og du kan styra alt av mat/drikke sjølv. Før denne datoen lyt all alkohol gå gjennom kassen.

Ring oss gjerne for meir informasjon, eller send ein uforpliktande e-post til: systrene.nilsen@gmail.com




Beste helsing frå,

Systrene Nilsen in person
Gunnhild & Frøydis

onsdag 16. mars 2011

Forslag til dekking av bord...

For eit par veker sidan fekk Systrene Nilsen låna mykje flott pynt hjå Tilbords på Husnes. *Tusen takk*

Vi har prøvd oss på ulike variantar; som dekking til dåp, bryllup og konfirmasjon. På bildet under ser dåke eit forslag til dekking av konfirmasjonsbord. Frisk og flott pynt til konfirmanten passar seg ofte godt:)




Vi kjem til å dela mange bilder med dykk framover, og vi er sjølvsagt glade for alle tips og idear de måtte ha. Tenk: Det er ikkje lenge til vi kan plukka friske sommarblomar i hagen igjen. Det blir stas!

Ha ei fin fin veke alle i hop!

Klem Systrene