tirsdag 18. oktober 2011

Har du ordna deg plass til årets julebord?


Kontakt Systrene Nilsen for meir informasjon. Vi ser fram til å få deg i julestemning.

Beste helsing,

Systrene Nilsen

mandag 22. august 2011

Takk for besøket!


Systrene Nilsen har hatt sin siste opningsdag sumaren 2011. Det har vore ein formidabel sumar for vår del. Veret har ikkje vore med oss, men folket har tatt godt i mot oss uansett. Kvar einaste skaldyrafta har vore smekkfull, og  kvar laurdag har det vore "hæla i taket", helg etter helg.

Vi er svært takksame for mottakinga vi har fått frå alle rundt oss. Vi er no klare for ei evaluering av sumaren og vil gjera det vi kan for å forbetra oss til neste opning!

Takk for besøket og velkomen tilbake!

Med venleg helsing tilsette ved Systrene Nilsen

mandag 25. juli 2011

Xtina's Funky Blues Delivery måtte avlyse pga. akutt sykdom


Det er trist å måtte sei det, men Christinas Funkey Blues Delivery måtte desverre avlysa i dag pga. akutt sykdom. Vi har prøvd å få tak i erstatning, men pga. så kort frist har vi ikkje fått noko på plass. Systrene Nilsen held allikevel ope og vi ska gjer vårt ytterste for at denne sommarkvelden allikevel blir ein kjekk kveld. Det vert då også selvfølgelig ingen cover i døra.

Siste Glamataften fredag

Skaldyraften torsdag!

Quiz på onsdag!

mandag 27. juni 2011

Intimkonsert med Camilla Myklebust





Søndag kl. 18:00


I anleding plateslipp denne sommaren byr Camilla på ein stemingsfull intimkonsert hjå Systrene Nilsen. Konserten er gratis og open for alle.

Velkommen! :)

Årets fyrste Glamat dag!


Fredag 1. juli kl. 19:30

Kokken Anders kjem og diskar opp eit kulinarisk 2-rettars måltid du seint vil gløyme.


Panne steikt kveite frå hjelmeland med avocado, mango og koriander salat og pasjons- og rødløks vinergrette. Estragon kokte små potetar.

Sjokolade mousse med sitrus salat og ein frisk limekrem med jordbær saus.

Pris: kr. 350,-

Reservasjon av bord må gjerast før fredag. Ring 91002207.

Velkommen!

Skaldyraften torsdag!

Quiz på onsdag!

lørdag 28. mai 2011

Skalldyraften står for tur!

Systrene Nilsen skal ha skalldyraften kvar torsdag frå og med 2. juni - 18.august ! Program vert snart publisert:)


Bestill bord på telefon 910 02 207 eller systrene.nilsen@gmail.com













Beste helsing gjengen hjå 



onsdag 4. mai 2011

Hipp hurra!

Ynskjer du å komma til duk og dekka bord på 17.mai?


Systrene Nilsen tilbyr koldtbord til store og små. Vi har to bordsettingar denne dagen.
Det første bordsetet er kl. 14.30, medan det andre byrjar kl. 16.30.

Denne dagen får du servert rømmegraut, spekemat, eggerøra, godt pålegg, potetsalat, grøn salat, heimelaga brød, nytrekt kaffi og deilige kaker.



Er dette av interesse?

Reservasjon må gjerast innan torsdag 12. mai klokka 12.00.
Telefon: 910 02 207

Velkommen innom!

Beste helsing gjengen på Systrene Nilsen

onsdag 16. mars 2011

Forslag til dekking av bord...

For eit par veker sidan fekk Systrene Nilsen låna mykje flott pynt hjå Tilbords på Husnes. *Tusen takk*

Vi har prøvd oss på ulike variantar; som dekking til dåp, bryllup og konfirmasjon. På bildet under ser dåke eit forslag til dekking av konfirmasjonsbord. Frisk og flott pynt til konfirmanten passar seg ofte godt:)




Vi kjem til å dela mange bilder med dykk framover, og vi er sjølvsagt glade for alle tips og idear de måtte ha. Tenk: Det er ikkje lenge til vi kan plukka friske sommarblomar i hagen igjen. Det blir stas!

Ha ei fin fin veke alle i hop!

Klem Systrene

onsdag 9. mars 2011

Gifteplanar i haust?

Berre eit steinkast frå Uskedalen kyrkje finn du Systrene Nilsen. Flotte og stemningsfulle lokaler for små og store arrangement.



Huset passar seg for anledningar som dåp, konfirmasjon, bryllaup, jubileum eller fest!
Kontakt oss for uforpliktande omvisning av huset.

Systrene Nilsen AS
systrene.nilsen@gmail.com